HardingFolk i Kinsarvik 19. september 2020

Kinsarvik er staden for det fyrste kurset i kursrekkja vår HardingFolk. Velkomne!

HardingFolk Kinsarvik Endeleg Plakat (6)

Spelar du hardingfele, torader, dansar eller syng folkesongar, eller ynskjer du å gjera det? Då er du hjarteleg velkomen til å delta på HardingFolk, eit kurs i folkemusikk og folkedans frå Hardanger. Hardanger spelemannslag står som arrangør av HardingFolk på Kinsarvik skule i Kinsarvik den 19. september 2020. Sjå timeplan og påmeldingsinformasjon nedanfor. Påmeldingsfristen er 13. september. 

Aldersgrensa er frå 8 år og prisen er kr. 150 per person. 

Det vert også høve til å melda seg på MiniHarding for dei mellom 5 - 7 år. Her får ein oppleva og prøva seg i folkemusikk og folkedans. MiniHarding varar i ein time midt på dagen og er heilt gratis.

Timeplan

  • Oppmøte: 09.00-09.30
  • Kurs: 09.30-11.30
  • Lunsj: 11.30-12.30
  • MiniHarding: 11.30-12.30
  • Kurs: 12.30-14.30
  • Øving i juniorlaget: 14.30-15.30
  • Øving i seniorlaget: 15.30-18.00

Lærarar: 

  • Kursleiar: Eirin Tjoflot
  • Torader: Anita Solheim Bråvoll
  • Hardingfele: Alexander Røynstrand og Johanna Mjeldheim 
  • Song: Kari Finne Sognnæs
  • Dans: Torkjell Lunde Børsheim 

Påmelding til:

  • roynstand@hotmail.com el. +4790626084