Toradar

Hardanger Spelemannslag startar med toradarøvingar

Spelar du toradar, og kunne du tenkt deg å møta fleire spelemenn og læra nye slåttar? Då er Trudvang sundag 27.august staden for deg!

Kring ein gong i månaden så møtes Hardanger Spelemannslag og har øving for hardingfelene med dans etterpå. Laget har etter kvart ein del medlemmer som er toradarspelarar, og det er endå fleire som sit kring i Hardanger og spelar. Me ynskjer å samla dei som vil vera med på øving ein gong i månaden for å laga eit større felles miljø. Øvingane vert lagt til Trudvang i Granvin, og så drikk me kaffi med felespelarane i pausen. Etter kvart så kan me byte på å spela til dansarane også.

Fyrste øving vert allereie no på sundag 27. August kl. 1200-1400.

Toneart G/C.

Du bør ha spelt litt tidlegare for å vera med.

Dei neste øvingsdatoane som er satt opp er 24.september og 22.oktober.

 

Anita Bråvoll og Rannveig Djønne deler på å ha ansvar for øvingane og læra bort slåttar.

Gje ein lyd til Rannveig Djønne (Tlf.nr. 47291012) om du kjem slik at me veit ca. kor mange me vert.