Audhild m

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

TILDELING HAUSTEN 2014

Styret for minneprisen ber med denne utlysing om å få inn forslag på unge utøvarar på hardingfele som vil vera aktuelle som kandidatar til prisen.Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som svarar til C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit personleg stipend.

Minneprisen skal delast ut på Vestlandskappleiken 2014, og er på kr.10.000,-.
Kappleiken finn stad i Granvin, Hordaland  3. – 5. oktober 2014.

FRIST for innsending av forslag er 15. september 2014.

Forslag skal sendast til:

Bergen ungdomslag Ervingen, Kong Oscarsgt. 15, 5017 Bergen
e-post: kontoret@bergen.ungdomslag.no

Merk konvolutten/e-posten ”Minnepris 2014”.

For meir informasjon, sjå www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/