Arne Jordan og Magne Velure er utnemnde som heidersmedlem i Hardanger Spelemannslag

Det er særs gledeleg å kunne fortelje at Magne Velure og Arne Jordan den 9. november vart utnemnde som heidersmedlemmer i Hardanger Spelemannslag. Dette føregjekk i Kinsarvik under dugnadsfesten etter Landsfestivalen 2019. 

75614160_765477197197205_960557349712429056_n

Magne Velure og Arne Jordan er utnemnd for verdfullt arbeid innan norsk folkemusikk og folkedans og dei har båe to utmerka seg på kvar sine måtar. Dei har vore og er ekstra viktige for Hardanger Spelemannslag med arbeidet dei legg ned for å vidareføre tradisjonane våre både som pedagogar, utøvarar og som dugnadsarbeidarar. Hardanger Spelemannslag ynskjer med dette å seie hjarteleg takk for innsatsen og vonar på godt samarbeid også inn i framtida. Laget har soleis i 2019 fått tre nye heidersmedlemmer etter at også Anne Marie Øydvin vart utnemnd som heidersmedlem tidlegare i år.

Foto: Aud Manheim

Her kan du lesa grunngjevingane:

Jakob Magne Aasen Velure (f. 1946)

Frå Magne var ungdom var han ei årrekkje i lag med far sin, Jon Velure, på dansespelingar i Hardanger, der han spelte piano. På denne måten vidareførde han den særmerkte hardangertradisjonen med pianoakkompagnement til valsaspel. Dei siste åra har Magne teke oppatt dette handverket og er ein av svært få som kan, og nyttar denne base-teknikken. Hardanger Spelemannslag har hatt stor glede av å få spele saman med Magne, både på tevlingar, til dans og store og små konsertar. Fyrst og fremst er han likevel best kjend som ei drivkraft i gruppa «Polka med støyt» som gjennom plateinnspeling, tevlingar og konsertar, samt ei lang rekkje dansespelingar har forsøkt å blåse nytt liv att i denne tradisjonsgreina.

Magne er i tillegg ein habil dansar med stor kunnskap til dansetradisjonane i Hardanger, og elles i landet. Han har stor integritet og kunnskap, og nyter stor respekt også utanfor vår region. Soleis har han også vore nytta som domar på ei lang rekkje kappleikar, herimellom Jørn Hilme-stemnet. I tillegg vert han nytta som konferansier og programleiar i mange ulike samanhengar både lokalt og sentralt.

Magne Velure er ein lagarbeidar som evnar å dra folk med seg og han er alltid positiv og spreier entusiasme og arbeidsglede rundt seg. Gjennom sitt profesjonelle virke har han også den grunnleggjande faglege bakgrunnen til å forstå dei større linene og samanhengane mellom ulike tradisjonar og uttrykk, både i spel og dans. Som den framifrå organisatoren han er var han også avgjerande for at Landsfestivalen i Kinsarvik i 2019 vart ein suksess.

 

Arne Jordan (f. 1950)

Arne Jordan kom frå tidleg ungdom med i Hardanger Spelemannslag her han etter kvart vart eit profilert medlem. Frå han i 1973 kom med i styrearbeidet har han opp i gjennom åra vore innom praktisk talt alle tillitsverv i laget. Han har vore svært sentral i alle større arrangement laget har gjennomført dei siste 50 åra, frå Landskappleikar og Landsfestival til store og små konsertar og til mindre arrangement. Han var leiar i laget i 1998 og sytte for at det då vart skrive ei utfyllande lagssoge for 50-års jubilanten.

Arne har vore sentral i opplæringsarbeidet og har undervist ei lang rekkje unge spelemenn, fyrst og fremst i Odda og i Skare. Han er ein tradisjonsbærar i ordets rette forstand, der han i tillegg til å læra bort dei gamle slåtteformene også er svært oppteken av at elevane skal læra om historia bak slåttar, slåtteformer og spelemenn, og på det viset kunna setja spelet og slåttane inn i ein større samanheng. Arne har alltid vore tru mot tradisjonen og slåtteformene, og alltid vore oppteken av at dei yngre skal læra stoffet korrekt.

Arne opplevde å møta alle dei svært mange spelemannsprofilane som som var fødd tidleg på 1900-talet - og til dels før – og som framleis var aktive i spelemannsmiljøet i Hardanger då Arne kom med i lagsarbeidet. På denne måten har han vorte ein uhyre viktig bærar og bindelekk mellom den eldre generasjonen og dei yngre spelemennene i dag.

Arne er ein ualminneleg god forteljar og er ei oppkome av gode soger og forteljingar, både frå spelemannsmiljøet og elles i Hardanger. Han formidlar med stor detaljrikdom og innleving som gjer det til ei stor glede å lytta til og oppleva han.

Han har delteke med laget på ei lang rekkje kappleikar og konsertar og var i tillegg med i Hardangerringen i den fyrste perioden.

I tillegg til å beherska speltradisjonen har Arne dei siste åra utvikla seg til å verta ein framifrå felemakar. Også der er arbeidet hans kjenneteikna ved at han går analytisk til verks og har systematisk studert arbeidet til dei store felemakarane som gjekk føre, ikkje minst Håvard Kvanndal.

Arne er eit utprega ja-menneske som alltid er viljug til å ta eit tak for laget. Med sin utprega løysningsorienterte innstilling er ikkje noko umogeleg.